Sorggrupper.no

Kreftforeningen

Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død. På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna kjensler som skuld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treff dei trygge vaksne som har tid til å lytte, leika og dela. Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på borna sine premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar. Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Tilbudet er eit samarbeid mellom Voss kommune og Kreftforeningen.


Sted: Voss

Telefon: 48504559

E-post: treffpunkt.voss@kreftforeningen.no

Websider: https://kreftforeningen.no/tilbud/treffpunkt-moteplass-for-barn-og-unge/voss/


Adresse:

Gjernesmoen 8
5700 Voss

Se i kart

Ønsker du kontakt med denne sorggruppetilbyderen?

Bruk skjemaet for å sende e-post direkte

Forklaring til skjemaet

Ønsker du mer informasjon om sorggruppetilbudet ber vi om at du tar direkte kontakt med den enkelte tilbyder.