Sorggrupper.no

Voss kommune

Tilbud i Voss kommune, sortert alfabetisk. Klikk på en av tilbudene for å lese mer.

  • Den norske kyrkja, Voss fellesråd

    Sorggruppetilbud til etterlatne frå Voss, Ulvik, Granvin og Vaksdal

    Sted: Kyrkjetunet, Voss

    Telefon: 47849134 /97709377

    E-post: diakon@voss.kyrkja.no

  • Kreftforeningen

    Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død. På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna kjensler som skuld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treff dei trygge vaksne som har tid til å lytte, leika og dela. Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på borna sine premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar. Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Tilbudet er eit samarbeid mellom Voss kommune og Kreftforeningen.

    Sted: Voss

    Telefon: 48504559

    E-post: treffpunkt.voss@kreftforeningen.no

  • Voss kyrkjelege fellesråd

    Velkommen til ope sorggruppe hausten 2024 Mange finn trøyst og støtte i å vere med i ei sorggruppe kor ein møter andre som har opplevd å mista nokon dei er glade i. Denne sorggruppa er eit løpande tilbod. Me møtast ca ein gong i månaden kl 18 - 20.00 i Prestegarden, Voss sentrum. Me har ikkje påmelding; dette er eit ope tilbod og gratis. Ein treng ikkje binde seg til å komme kvar gong, du kjenner litt kva som passer for deg. Me vil danna eit treffpunkt der me kan støtte og hjelpe kvarandre på vegen vidare. Enkel servering. Datoane for hausten 2024: 30.09, 4.11, 25.11 og 16.12 For meir info, kontakt Anja Slåtten, mob 41704958. epost: as257@kyrkja.no eller Sigrid Djukastein mob 47849134, epost: sm435@kyrkja.no

    Sted: Prestegarden, gult bygg vis a vis Vangskyrkja

    Telefon: 41704958

    E-post: as257@kyrkja.no